Med denne kronikken av Torunn Elise Kveen tar NATF kontoret påskeferie, og ønsker alle en riktig God Påske – og god lesning.
(Vi er tilbake på kontoret 18.april.)

Torunn Elise Kveen, Studieforbundet kultur og tradisjon

Så framandt alt kan verke som ein ikkje forstår, og så sjølvsagt sjølv det raraste blir den dagen du knekkjer koden.

– Du verda for hårete mål, tenkte eg da eg stod med informasjonsbrosjyren frå den nye arbeidsplassen min i handa. Lite visste eg om Studieforbundet kultur og tradisjon, anna enn at dei var kopla til husflidslaga og sysla med noko «bunadsgreier» på Raulandsakademiet.

Av brosjyren las eg ei liste overordna mål arbeidet i Studieforbundet skulle bidra til å nå. Demokratiet skulle styrkast, vi skulle bidra til berekraftig utvikling, gjere det mogleg for enkeltpersonar å påverke eigen livssituasjon, samt nedkjempe utstøyting og bidra til inkludering. Alt dette skulle opplæring som teater, handverk, dans og båtbygging bidra effektivt til. Underleg var det, men eg kasta meg med bakoverbratt læringskurve ut i prosessen med å forstå. Litt etter litt opna landskapet seg opp framom meg, eg forstod språket og strukturane i organisasjonen, og eg fekk erfare korleis kursa vart gjennomførte og kva dei gjorde med dei som deltok. Deltaking, tilhøyrsle, å få bidra, å få lære hadde alt med opplæringa i desse vel 40 medlemsorganisasjonane å gjere. Slik kunne vi bygge fellesskap, styrke demokratiet og bygge menneska innanfrå. Det er rart kor lett og sjølvsagt alt blir når ein berre skjønar og forstår.

Alle treng vi ein flokk

Strukturane i den nye frivilligverda kunne eg lite om, men med bakgrunn som lærar i grunnskulen meinte eg å ha erfaring omkring prosessar, teoriar og strategiar for læring. At ungar burde delta på aktivitetar på fritida, hadde eg prata lenge og varmt om i skulesamanheng. Eg hadde messa mykje om kor viktig det var for læringsmiljøet og sosial tilhøyrsle at elevane hadde knaggar å hengje samtalen og leiken på i friminutt og skulekvardag. Vi visste godt som lærarar kor mykje det gjorde for leiken at ein kunne samlast om den store, viktige fotballkampen dagen etter, om fellesskapet rundt konserten i kulturskulen, at Petter skulle vera med Jørgen heim før gitarøving. Kor viktig og riktig dette var, var sjølvsagt. Likevel hadde eg aldri riktig heilt eller bevisst reflektert over at det same skulle gjelde for meg som vaksen. At det skulle gjelde også for grepa og utåtvente Mari i nabohuset, for Samir frå Syria, for Kong Harald og for statsminister Erna. At det skulle gjelde for vaksne, for eldre, for sjuke og for friske – ja, for alle!  Det er så grunnleggjande viktig for oss menneske å høyre til. Dernest, å kunne levere noko til denne flokken der nokon ventar på nettopp deg fordi ditt bidrag er viktig.

Livslang læring

Opplæringa i dei vel 40 medlemsorganisasjonane i Studieforbundet hadde alt med dei store, overordna måla å gjere, og praten over strikketøyet er sanneleg meir enn berre triveleg smalltalk. Læringa har ein viktig funksjon i fellesskapet, både i form av å lære og å lære bort. Men kvifor er det så viktig for oss å stadig søkje oss vidare, å utvikle oss, å lære? Ein kan fort falle i ei felle å tenkje at i enden av valt utdanning og yrkesveg er jobben gjort. At vårt organiserte og institusjonaliserte samfunn leverer eit ferdig og vedlikehaldsfritt produkt i form av ein fiks ferdig vaksen. Ein som er klar til å bidra, klar til å meine, klar til å brette opp ermene i den store livsdugnaden. Hevlar vi litt på, veit vi sjølvsagt at slik er det ikkje. Aldri kjenner ein seg vel mindre enn når ein kjem luskande inn i ny jobb, åleine inn i nytt nabolag, eller til eit heilt nytt land. Vanskeleg er det å vera den vaksne når mor blir borte og du sjølv med eitt må vera den klokaste. Liten er du når skoa du trudde skulle frakte deg trygt gjennom livet, plutseleg ikkje passar lenger. Aldri blir vi ferdige produkt som vaksne – heldigvis. Kva for ei verd ville vi fått om det var slik? Kvar ville det teke utviklinga? Kva ville motivert oss til å halde koken og kva ville drive oss framover? Korleis ville vi kunne handtere ei verd i stadig endring, ei verd i stadig utvikling, om vi ikkje sjølve var til å endrast på?

Ein naturleg plass for alle

Frivillige lag og organisasjonar har ein plass for alle. Når eg ser korleis arenaer som teater, husflid og leikarringar inkluderer individa i flokken, tenkjer eg at kulturarenaer har ein unik eigenart. I teateret, til dømes, kjem individet inn i flokken, og rollene, strukturane og funksjonane til dette individet blir skapt omkring kvalitetane vedkommande har. Her er få førehandsstrukturar eller mønster deltakaren må innordne seg etter, eller ein posisjon ein må passe inn i eller oppfylle krava til. Taket i teateret er så uendeleg høgt og døra så vid ein får moglegheit i læringssituasjonen til å spele på det unike i alle og gje gode vilkår for at vi skal kjenne oss nyttige akkurat slike vi er.

Med eitt blir det ikkje så viktig å passe i ein boks eller kunne passere ein flaskehals. I ein slik flokk, i eit slikt læringsmiljø, vil eg påstå vi bringer utviklinga vidare – i oss sjølve og i samfunnet. Vi bygger menneske innan rause rammer som med opne sinn kan stå ved nye vegskilje i livet og tenkje: – Dette har eg aldri prøvd før. Dette blir spennande.