[monarch_share]

Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

«Stjernestøv»

november 1, 2018 @ 20:00 - november 3, 2018 @ 21:00

JazzåTeateret presenterer det nye musikkteateret Stjernestøv!

Stjernestøv er eit originalskrive musikkteater med tekst av Svein Sæter og musikk av Lars Ramsøy-Halle. Det er ikkje ofte det blir produsert nyskrivne musikkteater i Noreg. Det er på Nordmøre det skjer.

Stykket er ei fri dramatisering over det store gullrushet i Nord-Amerika. Fleire nordmøringar deltok og vi følger tre av dei på ferda inn i ukjende eventyr. Det blir historier om forventing, hardt arbeid, slit, kjærleik, nederlag og sigrar – små og store. Nokon kjem vinnande ut av påkjenningane, medan andre bukkar under. Alle blir endra for livet etter opplevingane i lykkelandet.

Musikkteateret er regissert av Elisabeth Matheson, med brei erfaring frå både film- og teaterverda. På scena får vi oppleve dei lokale utøvarane Sigrid Vetleseter Bøe frå Bøfjorden som har vore med i fleire store operaoppsettingar i både inn- og utland, og Esben Bråten frå Sunndalsøra – med lang erfaring frå både Lady Arbuthnott, avgangsrevyar og anna teaterarbeid. Saman med dei på scena spelar Erik Wenberg Jacobsen som mellom anna har hatt sentrale roller i Les Misérbables, Jesus Christ Superstar og som i 2018 har rolla som Same-Torkhell i Lady Arbuthnott – frua på Elverhøy.Produsent: Marit Engelsjord Negård
Produksjon: JazzåTeateret

Regi: Elisabeth Matheson
Tekst: Svein Sæter
Musikk: Lars Ramsøy-Halle
Scenografi: Carsten Andersen
Kostyme: Jorunn Silseth

Billetter – Surnadal kulturhus
Billetter – Sunndal Kulturhus

Detaljer

Start:
november 1, 2018 @ 20:00
Slutt:
november 3, 2018 @ 21:00
Kategori for Arrangement:

Arrangør

Jazzå Teateret
Vis Arrangør nettside