[monarch_share]

Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

EIKESDAL: Spillet om Mardølafossen

august 9, 2023 - august 12, 2023

Spelet om Mardøla er eit historisk spel bygd på hendingane rundt Mardøla-aksjonen og kampen om Mardalsfossen i 1970. Spelet er eit utandørs musikkteater som blir framført i Eikesdal, på Mardalsbøen med den mektige fossen som levande bakteppe. I år forestillingar i tida  9.-12. august.

Årets forestilling er den andre i rekka etter urpremiera 2022. Spelet om Mardøla skal minne oss om at kampen for vern av natur ikkje er over.

Mardøla-aksjonen i 1970 var første gong urbane naturvernarar, bønder og bygdefolk gjekk saman i ein ikkje-valdeleg sivil ulydnadsaksjon i kamp for natur-ressursar. Aksjonen samla ei stor gruppe støttespelarar i Sandgrovbotn i fjellet over Eikesdalen, der arbeidet med anleggsvegen var i gang. Det starta med ca 50 aksjonistar og ein reknar at ca 300 var innom i den perioden aksjonen varte frå 25. juli – 27. august 1970.

Stykket er skrive av Svein Sæter og Lars Ramsøy-Halle har komponert musikken. Nils Golberg Mulvik er regissør. Prosjektet har solid lokal forankring med rundt 60 amatørskodespelarar i tillegg til nokre av Norges fremste scenekunstnarar og musikarar. Stykket skal skildre dramaet frå nokre hektiske sommarveker og minne om at kampen for natur ikkje er over, men er aktuell som aldri før.

Detaljer

Start:
august 9, 2023
Slutt:
august 12, 2023
Kategori for Arrangement:

Sted

Eikesdal (utandørs framfor Mardølafossen)

Arrangør

Mardøla teaterlag