Fredag 10.april 2015 inviterar Bømlo Teater til urpremiere på framsyninga Lakselinja i Bømlo kulturhus.
Kystkultur har vore eit varemerke for Bømlo Teater i 40 år, men oppdrettsnæringa har enno ikkje vore behandla scenisk. Dette vil Bømlo Teater gjera noko med no.
Langs lakselinja finn me svært mange ulike typar, med ulik bakgrunn og med ulike draumar.Kven er det som står og jobbar der?Kven gøymer seg bak dei kvite heildekkande arbeidskleda? Me tek ein kikk innanfor veggane, langs linja og blir kjende med nokre av dei som arbeidar her.
Manus og regi er ved Nina Sele og musikk er skrevet av Hans Olav Molde.
Framsyningar:
Fredag 10.4 kl 1930
Laurdag 11.4 kl 1930
Sundag 12.4 kl 1930
Billettpris: kr 250,-
Billettbestilling: bomlokulturhus.no