[monarch_share]

Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

EIKESDAL: Spelet om Mardøla

august 11, 2022 - august 13, 2022

Spelet om Mardøla er eit historisk spel bygd på hendingane rundt Mardøla-aksjonen, og blir eit utandørs musikkteater som skal framførast med den mektige Mardalsfossen som levande bakteppe. Aldri før har ein så stor teaterproduksjon vore gjort i dette området.

Mardøla-aksjonen i 1970 var første gong urbane naturvernarar, bønder og bygdefolk gjekk saman i ein ikkje-valdeleg sivil ulydnadsaksjon i kamp for natur-ressursar. Aksjonen samla ei stor gruppe støttespelarar i Sandgrovbotn i fjellet over Eikesdalen, der arbeidet med anleggsvegen var i gang. Det starta med ca 50 aksjonistar og ein reknar at ca 300 var innom i den perioden aksjonen varte frå 25. juli – 27. august 1970.

Stykket er skrive av Svein Sæter og Lars Ramsøy-Halle har komponert musikken. Nils Golberg Mulvik er regissør. Prosjektet har solid lokal forankring med rundt 60 amatørskodespelarar i tillegg til nokre av Norges fremste scenekunstnarar og musikarar. Stykket skal skildre dramaet frå nokre hektiske sommarveker og minne om at kampen for natur ikkje er over, men er aktuell som aldri før.

«– Vi kom til at tiden nå var inne til å vise at en del nordmenn fant situasjonen så alvorlig at de var villige til å utsette seg for vær og maskiner i høyfjellet og til å   gå i fengsel. Mardøla-leiren var en samling av mennesker som kjempet for sine barn og barnebarns nødvendige livsmiljø», skreiv Sigmund Kvaløy Setreng i 1970.

Premieredato: torsdag 11. august 2022. Det er vidare planer om å sette opp spelet også 12. og 13. august med inntil fire førestillingar i alt.

Detaljer

Start:
august 11, 2022
Slutt:
august 13, 2022
Kategori for Arrangement:
Hjemmeside:
https://www.eresfjord.no/spelet-om-mardola

Sted

Eikesdal (utandørs framfor Mardølafossen)

Arrangør

Mardøla teaterlag