Bømlo Teater gler seg til igjen å presentere ei familieframsyning i Bømlo Kulturhus i tida 15.10-18.10.
Det er historia om guten som aldri ville bli vaksen som skal spelast. Peter Pan er JM. Barrie si eventyrlege og tidlause historie frå 1904 om guten som kan flyge. Det handlar om sjørøvarar og indianarar, krokodillar og alvar, kamp, vennskap, relasjonen mellom ungar og vaksne, og ikkje minst om den grenselause og skapande fantasien vår. Familien Darling har nett flytta inn i «drøymehuset» i drøymestrøket av byen. Ungane Wendy, John og Michael er mykje åleine og ein kveld får dei besøk av Peter Pan, som tek dei med til Aldriland – staden kor tida står stille, ungar treng ikkje bli vaksne og er frie til å gjere nett som dei vil. Her møter søskena alle ungane som fall ut av barnevogna då dei var små, og som ingen sakna etter ei veke. Og sjørøvarane, med Kaptein Krok som hatefull og uovervinneleg pirat, verdshava sin største skrekk, ved roret. Her er leik, store slag og magi.
Men kvifor er Kaptein Krok så grusom, og så rasande på den unge Peter Pan? Og kva er det med Krokodillen og Indianarane som gjer han så redd? Er det rett og slett kampen om tida som spelest ut mellom ei vaksande slekt og ei kynisk vaksenverd? Bli med til Aldriland – andre stjerna til høgre, og deretter like fram mot morgongryet.
Framsyninga varer ca. 1,5 time. inkl. pause.
Billettar på http://www.bomlokulturhus.no/