«Stjernestøv»

JazzåTeateret prestenterer STJERNESTØV – eit originalskrive musikkteater med tekst av Svein Sæter og musikk av Lars Ramsøy-Halle.

Stykket er ei fri dramatisering over det store gullrushet i Nord-Amerika.

Fleire nordmøringar deltok og vi følger tre av dei på ferda inn i ukjende eventyr.
Det blir historiar om forventing, hardt arbeid, slit, kjærleik, nederlag og sigrar – små og store. Nokon kjem vinnande ut av påkjenningane, medan andre bukkar under. Alle blir endra for livet etter opplevingane i lykkelandet.

Regi: Elisabeth Matheson
Tekst: Svein Sæter
Musikk: Lars Ramsøy-Halle
Scenografi: Carsten Andersen
Kostyme: Jorunn Silseth
Inspisient: Tina Fløystad
Produsent: Marit Engelsjord Negård
Produksjon: JazzåTeateret

 

 

Billetter – Surnadal kulturhus

Del dette innlegget:

Relaterte innlegg