MOSTER 1000år i 2024
I 2024 er det 1000 år sidan innføringa av kristenretten i Noreg. Dette skjedde på Moster i Bømlo kommune, på Mostratinget, sett av Olav Haraldsson og Bisp Grimkjell i år 1024. Innføringa av kristenretten var starten på ei omfattande og radikal samfunnsomvelting – «frå maktsamfunn til rettssamfunn» og markerte byrjinga på ei ny tid, med sterkare menneskelege omsyn og rettsvern for individet. Det var her statsdanningsprosessen for Noreg starta og me feirar difor dette som eit nasjonalt lovjubileum.