Fra audition på Eresfjord samfunnshus 22/1-22, der rundt 35 personar var tilstades for å bli kjent med spelet og med kvarandre. Status pr februar er at dei no er blitt omlag 60 personar til saman. (Bilete frå mardolaspelet.no)

Norsk Amatørteaterforbund ynskjer velkommen nok ei gruppe som medlem – denne gong ei gruppe der 50 års samfunnsengasjement har ført til teaterlag og teaterstykke med klar samfunnsprofil. Mardøla Teaterlag vart skipa i 2019, og har 60 entusiastar/amatørskodespelarar. Gruppa er fødd av kampen om Mardalsfossen i Møre og Romsdal i 1970. For slike kamper blir det etter-SPEL av.

AKT 1 – PROLOG
STORTINGET VILLE TEMME FOSSEN – AKSJONISTAR VILLE TEMME STORTINGET
Framlegget om å legge fossen i røyr førte til den første sivile ulydnadsaksjonen og konfrontasjon mellom naturvernarar og kraftoptimistar i Noreg. Aksjon førte ikkje fram og Stortinget vedtok at fossen skulle byggast ut bli ein del av Grytten kraftverk i Rauma. Vatnet i fossen vart dermed overført til nabodalføret i Romsdalen. (No renn det vatn dette Nordeuropas høgaste fossefall – fritt fall på 297 meter og totalt 655 meter – berre mellom 20.juni og 20.august)

AKT 2 – 
UNGJENTA SOM VART VAKSEN – OG PRØVER IGJEN
Marit Wadsten fortel: -Då Mardøla-aksjonen fann stad var eg 9 ½ år. Foreldra mine var aktivt engasjerte i saka generelt og for vern av Mardalsfossen spesielt. Eg fekk økofilosofi, sivil ulydnad og ikkjevald-filosofi inn som ein del av morsmjølka.

Dette er over 50 år sidan no, og etter 50 år har vi moglegheit til å få revidert konsesjonsvilkåra hos NVE. Eg arbeider for å få sleppt fossen fri att, og for å få att vatn i elvene her.

AKT 3 –
KVA EIT TEATERLAG KAN GJERE – EIT SPEL
Marit fortel vidare: -Derfor var eg med og drog dette teaterarbeidet i gang, og starta Mardøla Teaterlag,- fordi eg brenn for saka. Eg ser på det som ei forlenging av Mardøla-aksjonen og kampen om Mardalsfossen, kan du godt seie. Og også fordi eg brenn for bygdeutvikling, ikkje minst.

Det er organisering og finansiering som er mitt hovudansvar i teaterlaget. Om eg skulle bli å finne på scena så blir nok det som ein del av ei massescene der det trengst mange folk. Men helst held eg meg i bakgrunnen og held i trådane og ser til at alt går som det skal med arrangementet, og bidrar elles der det trengst.

AKT 4 –
SLIK BLIR SPELET FRAMFOR MARDALSFOSSEN
Aldri før har ein så stor teaterproduksjon vore gjort i dette området. Spelet om Mardøla er eit historisk spel og blir eit utandørs musikkteater som skal framførast i Eikesdal, på Mardalsbøen med den mektige Mardalsfossen som levande bakteppe.

Stykket er skrive av Svein Sæter og Lars Ramsøy-Halle har komponert musikken. Nils Golberg Mulvik er regissør. Prosjektet har solid lokal forankring med rundt 60 amatørskodespelarar i tillegg til nokre av Norges fremste scenekunstnarar og musikarar.  Det er desse som skal skildre dramaet frå nokre hektiske sommarveker i Eikesdal for 52 år sidan. Spelet om Mardøla skal minne om at kampen for natur ikkje er over, men er aktuell som aldri før. Premiere blir torsdag 11. august 2022

AKT 5 – EPILOG
KVIFOR EIT TEATERLAG BØR VERE MED I NATF
Marit Wadsten seier: -Mardøla Teaterlag vart med i NATF først og fremst fordi vi tenker at det er viktig å vere tilslutta eit forbund som arbeider for å fremme og utvikle amatørteaterfeltet nasjonalt, for å vere med i eit fellesskap, både for inspirasjon og for å vere del av ei større heilheit.
At medlemsgruppene kan få økonomisk støtte for bl.a. innøving og opplæring i samband med teaterforestillingar hos Studieforbundet kultur og tradisjon er også viktig for oss, og det same er at NATF har eit svært godt forsikringstilbod til medlemslaga.