Fra Unheims nettside.

Fra Unheims nettside.

Time kommune har i år gitt kulturprisen (Timeglasset) til Undheim Revyteater.

Det er tredje gongen at Time kommune gjer ei påskjønning for prestasjonar som har sett kommunen og Jæren på kartet nasjonalt og internasjonalt.

Jan Jonassen, kunstnerisk leiar i Undheim Revyteater, er glad for Timeglaset.

– Eg tykkjer det er veldig kjekt at folk i kommunen ser kva jobb me har gjort og framleis gjer. Fleire driv i same spor som oss. Men det eg føler me har fått til, er å samla bygda på ein spesiell måte gjennom revyteateret, fastslår Jonassen til Jærbladet.

– Undheim Revyteater er eit samlingspunkt for heile bygda. Det er ikkje berre ein stad å utøva teater og musikk, men eit samlingsplass for unge og vaksne på tvers av kapell og drett. Revyteateret er eit samlingspunkt der folk kan vera og ha det gildt i lag. Og sjølvsagt så lagar me også musikalar og teaterstykke, seier Jonassen.

Undheim Revyteater har vore aktiv sidan 1988. Med tida er det blitt 40 førestillingar. Det har vore både revy, skodespel, kabaretar og musikalar. Prisen skal delast ut i Storstova under den årvisse kulturkvelden fredag 7. november.