Deprecated: Optional parameter $post_types declared before required parameter $location is implicitly treated as a required parameter in /dom23008/wp-content/plugins/monarch/monarch.php on line 3783

Deprecated: Creation of dynamic property Pagely_CDNLinksRewriterWordpress::$blogDir is deprecated in /dom23008/wp-content/mu-plugins/pagely-cdn/library.php on line 514
Mardøla vekker engasjement – ein gong til! - Norsk Amatørteaterforbund

Regissør Nils Golberg Mulvik i aksjon saman med aktørar full av energi og pågangslyst. (Bilete frå nettsida deira.)

11.august er det urpremiere på musikalen «Spelet om Mardøla». Billettsalget går over all forventning, langtidsvarselet ser lovande ut og Stiftelsen Fritt Ord gir 100.000 kroner til musikalen.
– Vi er både glade og stolte, seier Marit Wadsten, styreleiar i Mardøla Teaterlag, som står bak storsatsinga.

EI SPESIELL SAK
Det blir tre forestillingar, 11, 12 og 13.august; ei spesiell teateroppleving bygd på ein helt spesiell sak. «Spelet om Mardøla» er bygd på hendingane rundt Mardøla-aksjonen, og skal framførast med den mektige Mardalsfossen som bakteppe.

Mardøla-aksjonen i 1970 var første gong urbane naturvernarar, bønder og bygdefolk gjekk saman i ein ikkje-valdeleg sivil ulydnadsaksjon i kamp for natur-ressursar. Aksjonen samla ei stor gruppe støttespelarar i Sandgrovbotn i fjellet over Eikesdalen, der arbeidet med anleggsvegen var i gang. Det starta med ca 50 aksjonistar og ein reknar at ca 300 var innom i den perioden aksjonen varte.

Mange engasjerte seg. Da Industrikommiteen kom på besøk til Eresfjord og Eikesdal 26.mai 1970, møtte elevar frå Eresfjord skule opp på kaia på Øverås med plakatar med klart budskap.  I 1970 var det om lag 20 barn som deltok. Og dette var 50 år før Gretha Tunberg starta sin skulestreik for klimaet.

ROS TIL ALLE DEI INVOLVERTE
-Vi er midt i den mest intensive øve- og riggeperioden no. Det vi opplever som veldig positivt er at heile gjengen, profesjonelle, amatørar, stab, riggegjeng, frivillige, barn og vaksne – samlast til middag og kaffe på grendahuset kvar dag kl 15-17. Vi blir ein sammensveisa gjeng og har det veldig kjekt i lag. Likeeins blir det gjort ein del endringar og mykje blir til undervegs når det gjeld kulisser og rekvisita. Folk brettar opp ermane, går laus og løyser oppgåvene på strak arm. Eg er mektig imponert over den enorme innsatsen som blir gjort her no, seier Marit Wadsten.

Alt ser ut til å ligge godt til rette for at det skal bli eit bra spel og ei flott oppleving for alle, både for dei som arrangerer og for publikum.

Stykket er skrive av Svein Sæter og Lars Ramsøy-Halle har komponert musikken. Nils Golberg Mulvik er regissør. Prosjektet har solid lokal forankring med rundt 60 amatørskodespelarar i tillegg til nokre av Norges fremste scenekunstnarar og musikarar.

Aldri før har ein så stor teaterproduksjon vore gjort i dette området.