Stø-ære, Vedum

Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og Jonas Gahr Støre (Ap) – hva tenker de når politikken skal realiseres?

En ny regjeringsplattform er presentert av Arbeiderpartiet og Senterpartiet. De i amatørteaterbevegelsen som er opptatt av kulturpolitikk og hvordan den vil slå ut, er spente på hvordan den slår ut i realpolitikk.

Her er det som står i Hurdalserklæringen om «Kultur og frivilligheit: Ein kultur å leve av og for».

Kulturen bidrar til å skape både levande lokalsamfunn og eit godt liv for den enkelte. Regjeringas kulturpolitikk vil derfor støtte opp under eit ope, inkluderande og mangfaldig kulturliv i heile landet og leggje til rette for eit kontinuerleg samspel mellom den profesjonelle og den frivillige kulturen.

Regjeringa vil gjennomføre eit nytt kulturløft som skal komme heile landet til gode, og særleg satse på den lokale og regionale kulturen. Folk skal ha tilgang til kunst og kultur, uavhengig av kven dei er, og kor dei bur. Regjeringa vil sikre at norsk framleis skal vere eit vitalt, fullverdig og samfunnsberande språk i landet vårt. Nynorsk og bokmål skal vere likestilte målformer, og som det minst brukte skriftspråket skal nynorsk fremmast og sikrast gode vilkår. Dei samiske språka er sentrale for framtida til den samiske kulturen og vil vere eit naturlig satsingsfelt.

Regjeringa vil:
• Gradvis auke kulturens andel av statsbudsjettet til éin prosent.
• Innføre regionale kulturfond.
• Leggje til rette for fleire kulturarbeidsplassar og kompetansemiljø over heile landet.
Gi full momskompensasjon gjennom ei regelstyrt ordning til idrett, frivilligheit og kultur.
• Styrkje kunstnarøkonomien og leggje til rette for at kunstnarar og kulturarbeiderar får betre rettar og arbeidsmoglegheiter.
• Sikre institusjonane og satse på det frie feltet.
• Styrkje den regionale filmsatsinga, auke produksjonsmidlane til norsk film og gjennomgå filminsentivordninga med mål om å sikre fleire filmproduksjonar i Noreg.
• Sikre ein desentralisert kinostruktur.
• Innføre ei insentivordning for ny norsk dramatikk.
• Styrkje Den kulturelle skulesekken og gjeninnføre Den kulturelle spaserstokken på statsbudsjettet.
Leggje fram ei boklov som sikrar fastprissystemet.
• Styrkje litteraturformidlinga, blant anna gjennom innkjøpsordningane og ein ny leselyst[1]strategi, og jobbe for fleire meiropne bibliotek.
• Jobbe for likestilling og mangfald innanfor alle område i kulturlivet, blant anna gjennom å stille krav til dei som mottar offentlege midlar.
• Støtte opp under arbeidet med Bodø som europeisk kulturhovudstad i 2024.
• Satse på samisk kultur, film, musikk og handverkstradisjon.
• Føre ein språkpolitikk som gjer at norsk eller samisk blir føretrekt i alle delar av samfunnet