Deprecated: Optional parameter $post_types declared before required parameter $location is implicitly treated as a required parameter in /dom23008/wp-content/plugins/monarch/monarch.php on line 3783

Deprecated: Creation of dynamic property Pagely_CDNLinksRewriterWordpress::$blogDir is deprecated in /dom23008/wp-content/mu-plugins/pagely-cdn/library.php on line 514
Rom for kultur - Norsk Amatørteaterforbund

– Ingen idrettslag godtek å spele fotball i ei skråning. No må dei som driv med kor, korps, dans og teater også starte å sette krav til øvingslokala, meiner ein samla tropp av frivillige kulturorganisasjonar.

 

 

 

 

For å få politikarane til å sjå deira veg, har ei rekke kulturorganisasjonar samla seg i det nystarta nettverket Kulturalliansen. Planen er mellom anna å få ut ein årleg tilstandsrapport om korleis det står til med lokala til ulike lag og organisasjonar over heile landet. Denne veka gav dei ut sin første rapport, og tala var ikkje oppløftande.

– I dag er berre rundt eitt av fem lokale som blir brukt til kulturaktivitet godt eigna til slik bruk. Rapporten viser også at vi manglar tal på kor stort etterslepet er på vedlikehald av desse lokala, fortel styreleiar i Kulturalliansen Eline Melgalvis.

Måndag var medlemsorganisasjonane samla til konferanse for å stake ut vegen vidare for dei frivillige kulturorganisasjonane. Dit var også fleire politikarar inviterte til debatt, og meldinga frå deifolkevalde var klar: Kulturorganisasjonane har gjort veldig lurt i å samle seg – då vil det vere lettare for dei å nå fram til pengesekken.

– Vi såg under debatten at eit breitt politisk panel er einige om at vi treng ein ny arenapolitikk på kulturfeltet. Det kjem vi til å følgje opp, seier Melgalvis. Føreslår kommunale kulturråd.

I tida framover kjem Kulturalliansen derfor til å køyre ein stor nasjonal kampanje for å få merksemd rundt den manglande standarden på dei mange kulturromma i landet. – Målet er å få på plass betre finansieringsordningar for lokale bruks- og kulturhus. I tillegg vil Kulturalliansen arbeide for å få på plass lokale kulturråd i kommunedelplanar for kultur i alle kommunar, fortel styreleiar Eline Melgalvis. Ho får støtte frå Åse Vigdis Festervoll i Norsk kulturforum, som peikar på at dei må bruke idretten som inspirasjon.

– Kulturlivet er blitt vande med å vere fornøgde med berre å få ein plass å vere, gjerne billig. Det er dårlege lokale stort sett alle stader, med nokre veldig flotte unntak. Dette problemet må vi i samarbeid ta tak i og løfte opp, slik idretten har klart, seier Festervoll. Ho meiner løysinga ligg i at politikarane må gi kulturen dei same rammene som idretten, samtidig som kulturorganisasjonane må samarbeide og finne fram til suksessfaktorane hos dei som lykkast.

Karl Ole Midtbø i Norges Musikkorps Forbund er ein av dei som ønskjer betre lokale hjarteleg velkommen. – I dag blir korpsa gjerne tildelte ein gymsal eller eit bomberom, og veldig få kommunale bygg er tilpassa våre behov. Både korps, kor og orkester treng rom der det er nok plass og volum som gir god akustikk. Og så vil vi helst sleppe å ha lagerplass i femte etasje når vi øver i første etasje, seier Midtbø.

Ei etterlysing av betre vilkår kjem også frå Mette Vårdal i Noregs Ungdomslag (NU), ein organisasjon som eig rundt 300 ungdomshus over heile landet. I om lag 200 av bygdene med NU-hus er det ikkje tilgang til andre offentleg kulturbygg. – Å ha eit eige hus er ei lykke når aktiviteten er så stor at du har pengar til å betale både kommunale avgifter og vaskehjelp. Men når barneteaterinstruktøren må bruke tida si på å vaske golv, tappar du eldsjelene for krefter, seier Vårdal.

Ingen av politikarane som sat i panelet under konferansen måndag kom med konkrete lovnader om framtidig arealpolitikk på kulturfeltet, men alle var samstemde i at arbeidet som blir gjort på det frivillige kulturfeltet er viktig. Dei positive ringverknadene kulturaktivitet har i eit lokalsamfunn blei også trekt fram. Eller som stortingspolitikar Sveinung Rotevatn frå Venstre sa det: Det sit ikkje veldig mange klarinettistar i norske fengsel.